Sjå olderkjeret.wordpress.com
22.05.2013 Slektsstemne 20.07.2013.
Sjå olderkjeret.wordpress.com
Heimesida er tenkt nytta til stoff hovudsakleg om familie og slekt.
12.02.2012 Flytting av heimeside
Eg har flytta heimeside frå olderkjeret.net til olderkjeret.wordpress.com. Dette gjeld den delen av heimesida som handla om etterkommarane (og litt anene) til Lars og Lovise Olderkjær
Den delen som handla om Telemarkssida av slekta mi, etterkommarane (og litt anene) til Olaus og Andrea Sanden er flytta til lauveslekt.wordpress.com . Det som handla om meg og mitt flyttar eg snart til enno ei side.
Endringane er gjort for å gjera det lettare å vedlikehalda og oppdatera sida, i tillegg kan andre leggja inn kommnntarar.
Eg vil og opna opp slik at fleire enn meg kan skriva innlegg
30.01.2012 Mary Løkhammer fødd 25.november 1909
er død 102 år og 2 månader gammal!
Gravferda er torsdag 26.januar
Her er eit stykke som Ove Arne skreiv om ho i samband med 100-årsdagen
25.04.2011 - Margaret Olderkjær fødd 31.august 1925
døydde 25.april 2011
Gravferda er frå Eiganes kapell Torsdag 5.mai kl.12.30
31.01.2011 - Oppdatering slektstre (frå Berit Lovise Olderkjær)
Oppdatering av slektstre etter epost frå Berit Lovise Olderkjær
30.01.2011 - Solveig Olderkjær døydde
24.januar nær 91 år gammal
Gravferda er frå Fusa kyrkje 2.februar
17.10.2010 - Oppdatering slektstre (frå Bente Friestad)
Oppdatering av slektstre etter epost frå Bente Friestad
17.10.2010 - Mary Løkhammer - Endring av eit årstal (epost frå Erling Lidal)
Erling skriv: ...I ettertid har eg oppdaga at eg har oppgitt feil årstall for Gudrun sin død. Det skal ikkje vera 2007 men 2005. ..
30.11.2009 - Mary Løkhammer - tilleggsopplysningar
Tilleggsopplysningar om Mary, etter epost frå Erling Lidal.
Retta fødselsår for Odd, det skal vera (Odd 1939-1986). Lagt inn årstal for Gudrun, Anton og Leif. Erling skriv og at Mary har tippoldebarn
25.11.2009 - Mary Løkhammer fylte 100 år 25.11.2009!
|
Ein slektning på Moster-sida - Mary Løkhammer – fylte 100 år onsdag 25.november 2009.
Mary er dotter til Ragna Lidal (fødd Grindheim, ei av søstrene til Emma Lovise), og dermed søskenbarnet til Gudrun, Knut og Ansgar og deira ti avdøde søsken.
Ove Arne har snakka med ho, les meir her. |
01.11.2009 - Siste skot på Olderkjær-treet?
13. oktober vart Vidar og Sigrunn besteforeldre då Pål Gunnar og Merethe vart foreldre til Sophie
21.09.2009 - Epost frå Reidun Meldal frå Mound, MN (3.menning)
Reidun Meldal Gauger som bur i Mound, Minnesota utafor Minneapolis er barnebarn til Andreas som var bror til Lars Olderkjær. Eg har og fått opplysningar frå ho om Berta Marie (søster til Lars og Andreas) som reiste til Amerika tidlegare. Berta Marie slo seg ned i Silverton, Oregon. Eg skal snart leggja inn nokre bilde eg har fått frå Reidun.
21.09.2009 - Oppdatering slektstre (frå Vidar Friestad)
Oppdatering av slektstre etter epost frå Vidar Friestad
26.07.2009 - Oppdatering slektstre og nye bilde
MMS frå Oddny Mari Bye Larsen i Myre (14.07.09).
Bryllypsbilde Oddny Mari og Arild Olderkjær 21.7.2007
Bilde av barna her
Lars var eldste barnebarn til Lars og Lovise. Han døydde av kreft på Stavanger Universitetssjukehus.
27.01.2009 - Navnestatistikken pr 1.1.2009
For første gong er det ein tilbakegong i antal personar med Olderkjær som etternavn. Her er antalet pr 1.1.2009:
|
1.1.2003 |
1.1.2004 |
1.1.2005 |
1.1.2006 |
1.1.2007 |
1.1.2008 |
1.1.2009 |
Norge |
92 |
93 |
97 |
100 |
101 |
104 |
103 |
Danmark |
4 |
6 |
6 |
6 |
6 |
6 |
6 |
Totalt |
96 |
99 |
103 |
106 |
107 |
110 |
109 |
27.01.2009 - Epost frå Merete Olderkjær Veka (14.01.09):
Vil bare få tilføyd Egil sitt yngste barnebarn til slektstreet.
Hun heter Stine Emilie, oppkalt etter morfar, og er født 09.02.08.
Hun fikk 3 flotte måneder sammen med en morfar som er dypt savnet.
09.01.2009 - Tante Helene døydde
6.januar
24.12.2008 - Kjell
fyller 50 år idag!.
21.12.2008 - Julemiddagen i gamle dagar
Så vart det jul igjen. Julemiddagen på Olderkjeret var nok i gamle dagar litt annaleis enn det me er vante me idag.
Då eg var liten og då far min var liten og kanskje då bestefar min var liten var middagen julaftan slik:
Det var i dei dagar då keiser Augustus... Resten kan de vel? Middagen starta altså med at han far sjøl les juleevangeliet.
Menyen var: Lutafisk, risengrynssuppa og potetkake (eller noko liknande). Ikkje bacon eller ketchup eller ertestuing som er vanleg tilbehør idag.
Middagen var ikkje årsaken til at eg gledde meg til julaftan. Min julemiddag
bestod av potetkake, eller var det lefsa, mjelkekaka, hardingkake?
(huskar ikkje heilt), det var iallefall noko med sukker på...
06.08.2008 - John Olsen døydde
i natt på Husnes Sjukeheim Gravferda er onsdag 13.august kl 13:00
21.06.2008 - Onkel Knut
fyller 80 år søndag 22.6.
25.05.2008 - Epost frå Frode Rasmussen
Eg har fått ein epost frå Frode
Rasmussen som opplyser om at Egil døydde
19.5 Han skriv vidare at Egil hadde kreft, men at dødsårsaka
skuldast ein uventa komplikasjon.
Egil døydde av kreft og vart 64 år gammal
20.05.2008 - Egil
Olderkjær døydde natt til idag
Egil døydde av kreft og vart 64 år gammal
20.05.2008 - Oppdatering slektstre
Epost frå Hanne-Lovise
Olderkjær Svensen (03.05.08). Oppdatering av barn. Som mange sikkert
veit har ho mista 3 barn rett etter fødselen. Sjå artikkel
i BT 25.1.2007. I eposten skriv
ho mellom anna:
Eg er rett som det er inne og kikker på slektstreet vårt,
og det har vært svært flittig brukt av professorer på Haukeland som har
søkt etter svaret på kvifor eg har mista tre barn etter fødselen
08.05.2008 - Oppdatering slektstre
Epost frå Margareth i Eikelandsosen (30.03.08). Svigerbarn og barnebarn
til Arvid
Olderkjær og Margareth
Lovise Samnøsen
28.01.2008 - Navnestatistikken pr 1.1.2008
Antal personar med Olderkjær som etternavn:
|
1.1.2003 |
1.1.2004 |
1.1.2005 |
1.1.2006 |
1.1.2007 |
1.1.2008 |
Norge |
92 |
93 |
97 |
100 |
101 |
104 |
Danmark |
4 |
6 |
6 |
6 |
6 |
6 |
Totalt |
96 |
99 |
103 |
106 |
107 |
110 |
30.12.2007 - Eg og Vidar på skiferie i Alpene mars 2006
12. - 19- mars i 2006 var eg og Vidar på skiferie til Austerrike. Her er nokre bilde derifrå
10.09.2006 - Oppdatering slektstre
Utdrag
frå epost frå Egil: Her ser du dei tre yngste slektningane dine på Slettebakken.
(Biletet er faktisk frå 17. mai i fjor - Betre seint enn aldri)
Biletet viser altså 3 av barnebarna til Egil (Merete sine) Martine,
Henriette og Amalie
03.12.2005 - Ein søndag i november på Sunde
Nokre bilde tekne 26.november
02.12.2005 - Eg har hønsahus i hagen....
Frykten for fugleinfluensaen har enno ikkje nådd Olderkjær. Her er nokre
bilde av Tarjei og Marie med hønsa i hagen. Hønene er sjølvsagt kjøpt som kyllingar
hos
Tronds Rasehøns (Sjå link)
01.12.2005 - Huset på Olderkjær.
Alt har sin ende, så og huset på Olderkjær. Me bestemte oss for å riva huset
då
me såg kor mykje som måtte fiksast og kva det ville kosta for å få det i
skikkeleg stand. Huset var gammalt, eldtste avisa me fann var rundt
vindua i stova og var frå 1915. Her er bilde
av huset, før og no
29.11.2005 - Antal personar med Olderkjær som etternavn.
28.11.2005 - Margun 60 år.
Margun fylte 60 år 12.november.
Dagen vart feira same dagen i Triohuset. Her
er nokre bilete frå feiringa (Otto er fotograf)
27.11.2005 - På tide med jevnlige oppdateringar igjen!
Held på med fleire ting som skal inn på sida, først kjem bilde frå 60-årsdagen til Margun!
16.02.2005 - Marie 9 år.
Marie fylte 9 år 15.februar. Dagen vart feira den 16. Her er nokre bilete frå feiringa: Bilete frå 9-årsdagen
06.02.2005 - 100 år sidan unionsoppløysinga.
Her er eit bilde av bestefar
(Lars Olderkjær) som var utkalt som grensevakt eller
nøytralitetsvakt. Sannsynlegvis vart han mobilisert i september 1905? (Sjå Kristiania
Dagsavis )
før forhandlingane med Sverige i Karlstad.
Bildet ser ut til å ha vore teke i eit
atelier. Klikk på bildet for å sjå større bilde. Her er eit innlegg frå Digitalarkivet
om kva betaling dei fekk: Nøytralitetsvakt
1905.
27.01.2005 - Folket på Hammaren.
Guro (som var halvsøster til bestefar Lars) sine etterkommarar bur det mange av
på hauane på Sunde. Arve Sundal har laga heimesida for etterkommarane til Engel og Ole Akselsen:
(Sjå slektstreet.)
På www.hauane.com kan du sjå mange
gamle bilete av hamrafolket. Her kan du og finna Olav Warberg sin prolog i eit slektsstemne (i 1978) for
etterkommarane etter Guro. Og det er forfattaren sjølv som les...
21.09.2004 - Ny side med slektstre etter Gudmund Erikson Kaldestad og Guri Heinesdotter Øye
Eg har laga slektstre etter eit sett av tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-oldeforeldra mine
mine: Gudmund Erikson Kaldestad og Guri Heinesdotter Øye. Sida er laga etter same
lesten som dei andre slektstrea. Du finn sida her
24.08.2004 - Oppdatering slektstre
Det er ikkje berre død og begravelse i slekta sjølv om det har vore mykje
av det i det siste. Her er to nye blad på oldertreet: Mathias Larsen Olderkjær (f.2002)
til venstre og Andreas Larsen Olderkjær (f.2004) til høgre. Begge er oldebarn til
Leon og Anna. Her er det oppdaterte treet
20.07.2004 - Ferietid
Ferietid er tid for fornøyelsesparkar og dyrehagar o.l. Eg og Tarjei og Marie har vore i Kristiansand
og Danmark.
Her er litt frå Dyreparken i Kristiansand og frå ulike stader i Danmark: Ferie2004
12.07.2004 - Ny side med slektstre etter Olaus og Andrea Sanden
Eg har laga slektstre etter Olaus og Andrea (bestefar og bestemor
i Telemark). Sida er laga etter same lesten som dei andre slektstrea.
Du finn sida her
24.06.2004 - Tante Sølvi døydde idag 24.6.
Tante Sølvi døydde stille idag på Husnes Sjukeheim. Ho blei nesten 85 år gammal. Gravferda vert onsdag 30.6 kl 13.00.
11.06.2004 - Mamma døydde 10/6.
Mamma (Ellen Olderkjær fødd 19/9-1916) døydde 10.6.2004 rett før midnatt på Stord Sjukehus. Ho vart
sendt ut på sjukehuset 9.6 om kvelden.
Gravferda vert torsdag 17.6 kl 13.00.
05.05.2004 - Nytt menypunkt under Olderkjær.
Eg har laga nytt menypunkt under Olderkjær: Gamle bilde.
Alle bilda eg har lagt ut så langt er frå eit album eg har lånt av Gudrun.
03.05.2004 - Tante Olga i Vrådal døydde idag.
Søster til mamma - Olga - døydde 3.5.2004. Ho blei 79 år gammal. Gravferda vert tirsdag 11.5 kl 12.00.
09.04.2004 - Bilde frå 50-årsdagen min.
Eg feira 50-årsdagen min (som var den 10.januar) den 3.april heime på Olderkjær. Her er nokre bilde
04.04.2004 - Turid Olderkjær døydde idag.
Tante Turid blei 69 år gammal. Gravferda vert onsdag 14.april kl 11.00
26.03.2004 - Antal personar som heiter Olderkjær.
Pr. 01.01.2004 er det 99 stk som heiter Olderkjær. Det er 3 fleire enn
01.01.2003. 4 av desse bur i Danmark (Første kona , barn og barnebarn til
Kjell Ragnar).
Sjå Navnestatistikk
SSB
19.03.2004 - 2 bilde frå Sunde juni 2002 - klikk for større bilde
09.03.2004 - Oppdatering av slektstre
Eg har oppdatert nokre namn i slektstreet (Olderkjær), men framleis manglar mange.
Nytt menypunkt: Etterkommarar
etter Lars og Lovise Olderkjær.
Dette er bygd opp på same måten som dei andre trea
Biletet er utsnitt av eit bilete som er teke i Eikelansdsosen rundt 1960 og viser Lars og Lovise.
08.03.2004 - Oppdatering av slektstre
Eg har teke mot fleire oppdateringar av slektstreet den seinare tid. På grunn
av problem med programmet som skriv ut treet frå slektsdatabasen til HTML-format,
har eg ikkje fått lagt ut oppdateringane enno, men eg jobbar med saka.
Siste skot på Olderkjær-treet er, så vidt eg veit, Emilie, dotter til
Jarle og Eli Ann som vart fødd
14.september 2003.
31.01.2004 - Snø på Olderkjeret
Ca 15 cm snø på Sunde dei siste dagane, litt kaldt og litt mildt. Ein kan veksla mellom å gå på ski og
å laga snømenn. Her er Tarjei og Marie i gang med å laga snømann. Fleire bilete her
08.01.2004 - Jubileum i januar
I dag 8.januar er Bjørg
(til Olemann) 60 år.
Eg blir 50 år 10.januar. Hurra for oss!
Det blir berre ei lita markering av 50-årsdagene min på laurdag med
kaffi og kaker.
Utpå kvelden blir det ein tur på Dr. Munk for å ta eit pikyrande lite glas øl.
Seinare (kanskje 3.april?, dagen før palmesøndag) blir det
fest, men uten basar!
2003 - Arkiv
Oppdateringar i 2003 finn du
her
|