Etterkommarar etter Ola Larsson (Olderkjær) f. 1816 d. 1900
Ola Larsson var oldefar min (farfar sin far). Han var den første
som bygde hus på Olderkjeret og er stamfar til mange av dei
som i dag bur på Olderkjeret, Hammaren og i Træsbygda.
Han var gift to gonger og hadde 9 barn med den første kona
(7 levde opp) og 11 med den andre (9 levde opp).
Ola fekk bygsel på Olderkjeret i 1847, men Anna Olsdotter
d.e vart fødd 20. april 1849 i Fjellberg. Etter at Ola gifta
seg i 1836 og før dei flytta til Olderkjeret budde dei i
alle fall ein periode i Fjellberg, sannsynlegvis på Lauvøya.
Han var fødd på Kaldestad (Kvednadalen?), men vaks
opp på Trommaplass, der deler av golfbanen på Husnes
ligg i dag.
Eg har laga 3 ulike oversyn over etterkommarane:
- Eit som viser treet grafisk og som viser detaljar om den personen
du klikkar på i eit lite vindu nederst i skjermbildet. Dersom
boksen rundt navnet ikkje er heiltrukken tyder det at mora og
fara til den personen er i slekt med kvarandre. Barna til denne
personen kan du då finna annan stad i treet. Tre
og liste
- Heile lista som tekst Liste
- Berre treet Tre
Dersom du har kommentarar eller ønskjer å oppdatera lista send ein
epost til
|