Arkiv 2003
24.12.2003 - Julemiddagen i gamle dagar
Så vart det jul igjen. Julemiddagen på Olderkjeret var nok i gamle dagar litt annaleis enn det me er vante me idag.
Då eg var liten og då far min var liten og kanskje då bestefar min var liten var middagen julaftan slik:
Det var i dei dagar då keiser Augustus... Resten kan de vel? Middagen starta altså med at han far sjøl les juleevangeliet.
Menyen var: Lutafisk, risengrynssuppa og potetkake (eller noko liknande).
Middagen var ikkje årsaken til at eg gledde meg til julaftan. Min julemiddag
bestod av potetkake, eller var det lefsa, mjelkekaka, hardingkake?
(huskar ikkje heilt), det var iallefall noko med sukker på...
24.12.2003 - Olderkjær-navnet
Eg har lurt litt på kvifor Olderkjeret heitte Oshjærd i foketeljinga i 1865 (det heitte Olderkjeret i
folketeljinga 1900). Eg sendte difor inn eit innlegg i Arkivforumet til Digitalarkivet. Svaret på
innlegget finn du her
14.12.2003 - Då Lars'en drakk opp konjakken til Lovise...
Du kan lesa historien her
14.12.2003 - Endra litt på utsjånaden
Har teke ein liten revidering på utsjånaden på sida. Eg har og endra måten eg viser store
bilete på frå småbileta til høgre på sidene. Dette er gjort for lettare å kunna leggja til/ta vekk
bilete frå sidene. Når du trykkjer på eit lite bilete no, skiftar eg berre ut bilete og teksten,
resten av sida er som før. Eg har derfor berre ei side uansett kor mange bilete det er. Førebels
har eg berre gjort dette for Kjøretøy-sida
16.11.2003 - Hvor to og tre forsamlet er...
Har du lurt på kor dette uttrykket kjem frå? Du finn litt historie rundt
det her
04.11.2003 - Sørhaug til salgs.
Huset som bestefar og bestemor bygde i 1947-48, er no til salgs.
Dei budde i huset fram til dei døydde i 1967.
Gudrun selde huset i fjor sommar, men no har den nye eigaren funne seg eit nyare hus, og vil
selja det gamle. (Bildet er frå 1954)
31.10.2003 - Søskenbarn 17 år etter.
Etter nærare gransking er det eldste søskenbarnbildet på denne sida teken i 1986
og ikkje i 1981 som eg skreiv før
27.10.2003 - Einar 50 år.
28.oktober er Einar 50 år. Laurdag 25. var det fest i Alundamvn i Oslo.
Stemningen var på topp heile tida og det var ein vellukka fest for
tilsaman 23 personar.
Eg kan gjerne ta imot fleire bilde...
Les meir
27.10.2003 - Søskenbarn 17 år etter.
Me samla va' te stemne i landets hovedsta'...
Første bilete er teken Laurdag 16. februar 1986 på det tredje "slektsstemnet"
(Dei to første var i 1981 og 1985).
Det andre er teken 25.oktober 2003 i 50-årslaget
til Einar. Søskenbarna er dei same. Les
meir
22.10.2003 - Bryllup på Hundvåg (epost frå Berit)
Etter
15 års samboerskap ble de endelig gift, Hege og Lars Olav. Er de
ikke søte? Johanna (6) og Oline (2) var brudepiker.
Klikk på bildet for å sjå større bilde.
25.09.2003 - Historier frå Ove Arne.
Ove har sendt eit par historier som eg har lagt inn under menyen Ymse
historier. Send gjerne meir stoff Ove! Dersom det er andre
som har lyst å bidra med noko så send ein epost.
07.09.2003 - Bilete frå turen til Moster med M/S Midthordland.
Slektsstemnet 1998.
Du
kan framleis tinga kopi av biletet som Geir Remme tok på gamlekaien
på Sunde før me reiste med M/S Midthordland til Moster 30.mai 1998.
Kopi av biletet og prisar finn du her
01.09.2003 - Tante Sølvi (til Leif) på sjukehus
Torsdag 31.august fekk Sylvi eit infarkt. På fredag vart ho sendt
til Stord Sjukehus der ho ligg no.
17.08.2003 - Uheldig Olderkjær på sopp-tur
Fredag 8. august var Magne på sopptur i Kaldestadåsen. Les
her kva som hende
15.08.2003 - Søskenbarntreff i Vrådal 23.08.2003
Laurdag 23. august vert det treff i Vrådal for barnebarna til
Olaus og Andrea Sanden. Det vert med partnarar. Foreldra til søskenbarna
og andre slektningar er og hjarteleg velkomne! 22 er påmelde pr
19.august Les meir
05.08.2003 - Onkel Ragnar døydde idag.
Han blei 83 år gammal. Gravferda vert fredag kl 13.00.
24.07.2003 - Antal personar som heiter Olderkjær.
Pr. 01.01.2003 er det 96 stk som heiter Olderkjær i Norge. Det
bur òg 4 i Danmark (Første kona , barn og barnebarn til
Kjell Ragnar). Eg veit ikkje om desse er med i navnestatistikken,
det avheng av om dei er norske statsborgarar? Dei er både norske
og danske statsborgarar og er nok difor med i navnestatistikken.
Sjå Navnestatistikk
SSB
18.07.2003 - Tropenatt på Olderkjeret.
Natt til torsdag 17.juli var minimumstemperaturen 22 grader. Temperaturen
onsdag kl 16 var 31,7. Natt til fredag var minimumstemperaturen
17,9
Nytt søskenbarntreff 26.juli. Les
meir
Bilete under viser famililen som eg vaks opp saman med på Olderkjeret.
Biletet er teke på 80-årsdagen til mamma
Neste bilete er av familien min 2002, og er teke på Koh-Lanta
på Thailand. Me var på ferie i Thailand 1 månad
vinteren 2001-2002
|