Etterkomarar etter Ola Larsson (oldefar)
Etterkomarar etter Guro Johannesdotter (oldemor)
Etterkomarar etter Lars og Lovise Olderkjær
Etterkomarar etter Gudmund Erikson Kaldestad og Guri Heinesdotter Øye
Samankomstar
Gamle bilde
Ymse kjøretøy
Ymse historier
Linkar
Etterkomarar etter Olaus Sanden (bestefar)
Samankomstar
Film og video
Linkar
Thailand 2001
Tarjei og Marie
Reidar
 






Tur til Thailand 17/12-2001 - 17/1-2002

Reisa til Phuket blei litt av ei oppleving.

Me hadde kjøpt billett på eit reisebyrå (dei selde billettar alle stader på Long Beach) heilt fram til Phuket. Først båt til Phi Phi der me skulle byta båt. Eg såg for meg å gå i land og kanskje ta ein kopp kaffe medan me venta på at båten til Phuket kom.

Då me kom til Phi Phi låg det tett med båtar utanpå kvarandre, omtrent som fiskebåtane på vestlandet i gamle dagar. Me måtte gå frå båt til båt, mellom båtane var det berre eoin enkel landgang der me såg rett ned i sjøen. Det var masse folk, så me måtte prøva å halda tempoet oppe. Marie stoppa plutseleg opp og stod i ro sa: "Sjå på fiskane som er rett under meg!"

Me hadde fått klistremerke på skjorta då me gjekk ombord i Ban Saladan, og fargen på desse sa kva for eit lokalt trafikkselskap me reiste med. Difor blei me skyssa vidare til neste båt til Phuket. Der gjekk me opp i salongen og sette oss, men me blei vist ned til salongen under, det var der me hadde fått billett

Me blei mottatt på same måten i Phuket, ein drosje stod klar til å kjøra oss til Phuket. Ikkje akkuurat HSD-service...

På Phuket budde på eit hotell som heitte Pop Cottage ved Kata Beach, ei forholdsvis fredeleg strand på Phuket. Likevel vart det eit kultursjokk å komma til Phuket. Maten var dårlegare, prisen høgare, servicen dårlegare,meir innpåslitne seljarar. Phuket var "Syden-ferie" i den negative meininga av det. Men Marie var frisk og kunne endeleg kosa sek skikkeleg i bassengeg og sjøen.

I Phuket kjøpte me flybillettar til Bangkok. Hotellet hadde eigen taxisjåfør som kjørte oss til flyplassen. Han viste seg å vera Liverpool-fan, og den store draumen hans var å reisa til Liverpool saman med den 12 gamle son sin og sjå Liverpool på Anfield.

Dei mest kjende nordmennene i Thailand: dei som spelar i engelsk fotball. For sjåføren vår var favoritten John Arne Riise (Eller på thai: John Alne Liise)

Forrige serie med bilete