Etterkomarar etter Ola Larsson (oldefar)
Etterkomarar etter Guro Johannesdotter (oldemor)
Etterkomarar etter Lars og Lovise Olderkjær
Etterkomarar etter Gudmund Erikson Kaldestad og Guri Heinesdotter Øye
Samankomstar
Gamle bilde
Ymse kjøretøy
Ymse historier
Linkar
Etterkomarar etter Olaus Sanden (bestefar)
Samankomstar
Film og video
Linkar
Thailand 2001
Tarjei og Marie
Reidar
 

Siste endringar:

10.09.2006:
Lagt til nokre navn i slektstrea og endra nokre datoar etter epost frå Egil,

21.08.2006:
Teke vekk direkte link til epost-adressa mi for å sjå om det bli mindre søppel-post

10.08.2006:
Lagt til nokre navn i slektstrea og endra nokre datoar etter epostar frå Bjørn, Solbjørg og Fred-Arne

12.05.2006:
Teke vekk gjesteboka, ho vart fylt opp av program som leiter etter gjestebøker og fyller dei med drit. Jaja, kvar sine gleder

29.11.2005:
Endra font på overskrift til Verdana (same som resten av teksten)

08.02.2005:
Oppdatert sleksttrea med nokre nye navn (Oldebarn til Johannes)

27.01.2005:
Lagt inn fleire linkar: Olderkjær-linkar

27.01.2005:
Lagt inn fleire kjøretøy og endra nokre tekstar: Kjøretøy

28.10.2004:
Lagt inn navn på personane på Gamle bilde

28.10.2004:
Laga nytt menypunkt for slektstre etter Gudmund E. Kaldestad

12.07.2004:
Oppdatert sleksttrea med nokre nye navn (greinene til Ragnar og Leon)

12.07.2004:
Lagt inn fleire bilete frå Slektstreffet i Telemark 2003.

12.07.2004:
Lagt inn fleire bilete frå 50-årsdagen min

06.05.2004:
Lagt inn fleire bilde under Gamle bilde

09.03.2004:
Oppdatert sleksttrea med nokre nye navn (greinene til Olav, Erna og Leon) + nokre oppdateringar

15.02.2004:
Lagt til ny link under Linkar til Anne Grethe (og Einar?) si heimesida med mellom anna bilete frå pinnakjøtlag på Gjøvik den 14.2 med utflytta Sundebuar

09.02.2004:
Lagt inn endå meir tekst og bilete frå ferieturen til Thailand vinteren 2001-2002. her

04.02.2004:
Lagt inn meir tekst og bilete frå ferieturen til Thailand vinteren 2001-2002 her

31.01.2004:
Lagt inn fleire bilete av Tarje og Marie her

08.01.2004:
Lagt inn fleire bilete av Tarje og Marie her

2003
Oppdateringar i 2003 finn du her

Sjå olderkjeret.wordpress.com

22.05.2013 Slektsstemne 20.07.2013.

Sjå olderkjeret.wordpress.com

Heimesida er tenkt nytta til stoff hovudsakleg om familie og slekt.

12.02.2012 Flytting av heimeside

Eg har flytta heimeside frå olderkjeret.net til olderkjeret.wordpress.com. Dette gjeld den delen av heimesida som handla om etterkommarane (og litt anene) til Lars og Lovise Olderkjær

Den delen som handla om Telemarkssida av slekta mi, etterkommarane (og litt anene) til Olaus og Andrea Sanden er flytta til lauveslekt.wordpress.com . Det som handla om meg og mitt flyttar eg snart til enno ei side. Endringane er gjort for å gjera det lettare å vedlikehalda og oppdatera sida, i tillegg kan andre leggja inn kommnntarar.

Eg vil og opna opp slik at fleire enn meg kan skriva innlegg

30.01.2012 Mary Løkhammer fødd 25.november 1909 er død 102 år og 2 månader gammal!

Gravferda er torsdag 26.januar

Her er eit stykke som Ove Arne skreiv om ho i samband med 100-årsdagen

25.04.2011 - Margaret Olderkjær fødd 31.august 1925 døydde 25.april 2011

Gravferda er frå Eiganes kapell Torsdag 5.mai kl.12.30

31.01.2011 - Oppdatering slektstre (frå Berit Lovise Olderkjær)

Oppdatering av slektstre etter epost frå Berit Lovise Olderkjær

30.01.2011 - Solveig Olderkjær døydde 24.januar nær 91 år gammal

Gravferda er frå Fusa kyrkje 2.februar

17.10.2010 - Oppdatering slektstre (frå Bente Friestad)

Oppdatering av slektstre etter epost frå Bente Friestad

17.10.2010 - Mary Løkhammer - Endring av eit årstal (epost frå Erling Lidal)

Erling skriv: ...I ettertid har eg oppdaga at eg har oppgitt feil årstall for Gudrun sin død. Det skal ikkje vera 2007 men 2005. ..

30.11.2009 - Mary Løkhammer - tilleggsopplysningar

Tilleggsopplysningar om Mary, etter epost frå Erling Lidal.
Retta fødselsår for Odd, det skal vera (Odd 1939-1986). Lagt inn årstal for Gudrun, Anton og Leif. Erling skriv og at Mary har tippoldebarn

25.11.2009 - Mary Løkhammer fylte 100 år 25.11.2009!

Ein slektning på Moster-sida - Mary Løkhammer – fylte 100 år onsdag 25.november 2009.

Mary er dotter til Ragna Lidal (fødd Grindheim, ei av søstrene til Emma Lovise), og dermed søskenbarnet til Gudrun, Knut og Ansgar og deira ti avdøde søsken.

Ove Arne har snakka med ho, les meir her.

01.11.2009 - Siste skot på Olderkjær-treet?

13. oktober vart Vidar og Sigrunn besteforeldre då Pål Gunnar og Merethe vart foreldre til Sophie







21.09.2009 - Epost frå Reidun Meldal frå Mound, MN (3.menning)

Reidun Meldal Gauger som bur i Mound, Minnesota utafor Minneapolis er barnebarn til Andreas som var bror til Lars Olderkjær. Eg har og fått opplysningar frå ho om Berta Marie (søster til Lars og Andreas) som reiste til Amerika tidlegare. Berta Marie slo seg ned i Silverton, Oregon. Eg skal snart leggja inn nokre bilde eg har fått frå Reidun.

21.09.2009 - Oppdatering slektstre (frå Vidar Friestad)

Oppdatering av slektstre etter epost frå Vidar Friestad

26.07.2009 - Oppdatering slektstre og nye bilde

MMS frå Oddny Mari Bye Larsen i Myre (14.07.09).

Bryllypsbilde Oddny Mari og Arild Olderkjær 21.7.2007

Bilde av barna her

20.07.2009 - Lars Olderkjær døydde 5.juni

Lars var eldste barnebarn til Lars og Lovise. Han døydde av kreft på Stavanger Universitetssjukehus.

01.05.2009 - Randi Olderkjær døydde 28.april

27.01.2009 - Navnestatistikken pr 1.1.2009

For første gong er det ein tilbakegong i antal personar med Olderkjær som etternavn. Her er antalet pr 1.1.2009:

1.1.2003
1.1.2004
1.1.2005
1.1.2006
1.1.2007
1.1.2008
1.1.2009
Norge
92
93
97
100
101
104
103
Danmark
4
6
6
6
6
6
6
Totalt
96
99
103
106
107
110
109

27.01.2009 - Epost frå Merete Olderkjær Veka (14.01.09):

Vil bare få tilføyd Egil sitt yngste barnebarn til slektstreet. Hun heter Stine Emilie, oppkalt etter morfar, og er født 09.02.08. Hun fikk 3 flotte måneder sammen med en morfar som er dypt savnet.

09.01.2009 - Tante Helene døydde 6.januar

24.12.2008 - Kjell fyller 50 år idag!.

21.12.2008 - Julemiddagen i gamle dagar

Så vart det jul igjen. Julemiddagen på Olderkjeret var nok i gamle dagar litt annaleis enn det me er vante me idag. Då eg var liten og då far min var liten og kanskje då bestefar min var liten var middagen julaftan slik:

Det var i dei dagar då keiser Augustus... Resten kan de vel? Middagen starta altså med at han far sjøl les juleevangeliet.

Menyen var: Lutafisk, risengrynssuppa og potetkake (eller noko liknande). Ikkje bacon eller ketchup eller ertestuing som er vanleg tilbehør idag.

Middagen var ikkje årsaken til at eg gledde meg til julaftan. Min julemiddag bestod av potetkake, eller var det lefsa, mjelkekaka, hardingkake? (huskar ikkje heilt), det var iallefall noko med sukker på...

06.08.2008 - John Olsen døydde i natt på Husnes Sjukeheim

Gravferda er onsdag 13.august kl 13:00

21.06.2008 - Onkel Knut fyller 80 år søndag 22.6.

25.05.2008 - Epost frå Frode Rasmussen

Eg har fått ein epost frå Frode Rasmussen som opplyser om at Egil døydde 19.5 Han skriv vidare at Egil hadde kreft, men at dødsårsaka skuldast ein uventa komplikasjon.

Egil døydde av kreft og vart 64 år gammal

20.05.2008 - Egil Olderkjær døydde natt til idag

Egil døydde av kreft og vart 64 år gammal

20.05.2008 - Oppdatering slektstre

Epost frå Hanne-Lovise Olderkjær Svensen (03.05.08). Oppdatering av barn. Som mange sikkert veit har ho mista 3 barn rett etter fødselen. Sjå artikkel i BT 25.1.2007. I eposten skriv ho mellom anna:
Eg er rett som det er inne og kikker på slektstreet vårt, og det har vært svært flittig brukt av professorer på Haukeland som har søkt etter svaret på kvifor eg har mista tre barn etter fødselen

08.05.2008 - Oppdatering slektstre

Epost frå Margareth i Eikelandsosen (30.03.08). Svigerbarn og barnebarn til Arvid Olderkjær og Margareth Lovise Samnøsen

28.01.2008 - Navnestatistikken pr 1.1.2008

Antal personar med Olderkjær som etternavn:

1.1.2003
1.1.2004
1.1.2005
1.1.2006
1.1.2007
1.1.2008
Norge
92
93
97
100
101
104
Danmark
4
6
6
6
6
6
Totalt
96
99
103
106
107
110

30.12.2007 - Eg og Vidar på skiferie i Alpene mars 2006

12. - 19- mars i 2006 var eg og Vidar på skiferie til Austerrike. Her er nokre bilde derifrå










10.09.2006 - Oppdatering slektstre


Utdrag frå epost frå Egil: Her ser du dei tre yngste slektningane dine på Slettebakken. (Biletet er faktisk frå 17. mai i fjor - Betre seint enn aldri)

Biletet viser altså 3 av barnebarna til Egil (Merete sine) Martine, Henriette og Amalie


03.12.2005 - Ein søndag i november på Sunde

Nokre bilde tekne 26.november

02.12.2005 - Eg har hønsahus i hagen....

Frykten for fugleinfluensaen har enno ikkje nådd Olderkjær. Her er nokre bilde av Tarjei og Marie med hønsa i hagen. Hønene er sjølvsagt kjøpt som kyllingar hos Tronds Rasehøns (Sjå link)




01.12.2005 - Huset på Olderkjær.

Alt har sin ende, så og huset på Olderkjær. Me bestemte oss for å riva huset då me såg kor mykje som måtte fiksast og kva det ville kosta for å få det i skikkeleg stand. Huset var gammalt, eldtste avisa me fann var rundt vindua i stova og var frå 1915. Her er bilde av huset, før og no

29.11.2005 - Antal personar med Olderkjær som etternavn.

28.11.2005 - Margun 60 år.

Margun fylte 60 år 12.november. Dagen vart feira same dagen i Triohuset. Her er nokre bilete frå feiringa (Otto er fotograf)


27.11.2005 - På tide med jevnlige oppdateringar igjen!

Held på med fleire ting som skal inn på sida, først kjem bilde frå 60-årsdagen til Margun!

16.02.2005 - Marie 9 år.

Marie fylte 9 år 15.februar. Dagen vart feira den 16. Her er nokre bilete frå feiringa: Bilete frå 9-årsdagen



06.02.2005 - 100 år sidan unionsoppløysinga.

Her er eit bilde av bestefar (Lars Olderkjær) som var utkalt som grensevakt eller nøytralitetsvakt. Sannsynlegvis vart han mobilisert i september 1905? (Sjå Kristiania Dagsavis ) før forhandlingane med Sverige i Karlstad.

Bildet ser ut til å ha vore teke i eit atelier. Klikk på bildet for å sjå større bilde.

Her er eit innlegg frå Digitalarkivet om kva betaling dei fekk: Nøytralitetsvakt 1905.

27.01.2005 - Folket på Hammaren.

Guro (som var halvsøster til bestefar Lars) sine etterkommarar bur det mange av på hauane på Sunde. Arve Sundal har laga heimesida for etterkommarane til Engel og Ole Akselsen: (Sjå slektstreet.) På www.hauane.com kan du sjå mange gamle bilete av hamrafolket. Her kan du og finna Olav Warberg sin prolog i eit slektsstemne (i 1978) for etterkommarane etter Guro. Og det er forfattaren sjølv som les...

21.09.2004 - Ny side med slektstre etter Gudmund Erikson Kaldestad og Guri Heinesdotter Øye

Eg har laga slektstre etter eit sett av tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-oldeforeldra mine mine: Gudmund Erikson Kaldestad og Guri Heinesdotter Øye. Sida er laga etter same lesten som dei andre slektstrea. Du finn sida her

24.08.2004 - Oppdatering slektstre

Det er ikkje berre død og begravelse i slekta sjølv om det har vore mykje av det i det siste. Her er to nye blad på oldertreet: Mathias Larsen Olderkjær (f.2002) til venstre og Andreas Larsen Olderkjær (f.2004) til høgre. Begge er oldebarn til Leon og Anna. Her er det oppdaterte treet

20.07.2004 - Ferietid

Ferietid er tid for fornøyelsesparkar og dyrehagar o.l. Eg og Tarjei og Marie har vore i Kristiansand og Danmark.

Her er litt frå Dyreparken i Kristiansand og frå ulike stader i Danmark: Ferie2004

12.07.2004 - Ny side med slektstre etter Olaus og Andrea Sanden

Eg har laga slektstre etter Olaus og Andrea (bestefar og bestemor i Telemark). Sida er laga etter same lesten som dei andre slektstrea. Du finn sida her

24.06.2004 - Tante Sølvi døydde idag 24.6.

Tante Sølvi døydde stille idag på Husnes Sjukeheim. Ho blei nesten 85 år gammal. Gravferda vert onsdag 30.6 kl 13.00.

11.06.2004 - Mamma døydde 10/6.

Mamma (Ellen Olderkjær fødd 19/9-1916) døydde 10.6.2004 rett før midnatt på Stord Sjukehus. Ho vart sendt ut på sjukehuset 9.6 om kvelden. Gravferda vert torsdag 17.6 kl 13.00.

05.05.2004 - Nytt menypunkt under Olderkjær.

Eg har laga nytt menypunkt under Olderkjær: Gamle bilde. Alle bilda eg har lagt ut så langt er frå eit album eg har lånt av Gudrun.




03.05.2004 - Tante Olga i Vrådal døydde idag.

Søster til mamma - Olga - døydde 3.5.2004. Ho blei 79 år gammal. Gravferda vert tirsdag 11.5 kl 12.00.

09.04.2004 - Bilde frå 50-årsdagen min.

Eg feira 50-årsdagen min (som var den 10.januar) den 3.april heime på Olderkjær. Her er nokre bilde



04.04.2004 - Turid Olderkjær døydde idag.

Tante Turid blei 69 år gammal. Gravferda vert onsdag 14.april kl 11.00

26.03.2004 - Antal personar som heiter Olderkjær.

Pr. 01.01.2004 er det 99 stk som heiter Olderkjær. Det er 3 fleire enn 01.01.2003. 4 av desse bur i Danmark (Første kona , barn og barnebarn til Kjell Ragnar). Sjå Navnestatistikk SSB

19.03.2004 - 2 bilde frå Sunde juni 2002 - klikk for større bilde

09.03.2004 - Oppdatering av slektstre

Eg har oppdatert nokre namn i slektstreet (Olderkjær), men framleis manglar mange.

Nytt menypunkt: Etterkommarar etter Lars og Lovise Olderkjær. Dette er bygd opp på same måten som dei andre trea

Biletet er utsnitt av eit bilete som er teke i Eikelansdsosen rundt 1960 og viser Lars og Lovise.


08.03.2004 - Oppdatering av slektstre

Eg har teke mot fleire oppdateringar av slektstreet den seinare tid. På grunn av problem med programmet som skriv ut treet frå slektsdatabasen til HTML-format, har eg ikkje fått lagt ut oppdateringane enno, men eg jobbar med saka.

Siste skot på Olderkjær-treet er, så vidt eg veit, Emilie, dotter til Jarle og Eli Ann som vart fødd 14.september 2003.

31.01.2004 - Snø på Olderkjeret

Ca 15 cm snø på Sunde dei siste dagane, litt kaldt og litt mildt. Ein kan veksla mellom å gå på ski og å laga snømenn. Her er Tarjei og Marie i gang med å laga snømann. Fleire bilete her



08.01.2004 - Jubileum i januar

I dag 8.januar er Bjørg (til Olemann) 60 år. Eg blir 50 år 10.januar. Hurra for oss!

Det blir berre ei lita markering av 50-årsdagene min på laurdag med kaffi og kaker. Utpå kvelden blir det ein tur på Dr. Munk for å ta eit pikyrande lite glas øl. Seinare (kanskje 3.april?, dagen før palmesøndag) blir det fest, men uten basar!

2003 - Arkiv

Oppdateringar i 2003 finn du her