Frå Uldafjer til Olderkjær
Du som les dette er sannsynlegvis berar av dette høgst spesielle
Olderkjær-namnet (som eigentleg skulle heitt Olderkjerr, som tyder
kratt av oldertre, slik vegetasjonen var på Olderkjæret då salige
Ole slo seg ned der oppe på Haugane).
Du blir med dette oppfordra til å studera brev og postsendingar
som du får, og ta vare på artige variantar av slektsnamnet. Her
er nokre som eg har samla gjennom tidene (eg har klipt ut og har
bevis):
- Uldafjer
- Olderklær
- Olderkj£r
- Oldaker
- Oldertrøen
- Oldar-kjær
- Olderhaug
- Ålderskjær
- Åldeskjær
- Olderkjell
- Molderhaug
- Holderkjær
- Oldefjær
OVE ARNE OLDERKJÆR
22.9.2003
|