Etterkomarar etter Ola Larsson (oldefar)
Etterkomarar etter Guro Johannesdotter (oldemor)
Etterkomarar etter Lars og Lovise Olderkjær
Etterkomarar etter Gudmund Erikson Kaldestad og Guri Heinesdotter Øye
Samankomstar
Gamle bilde
Ymse kjøretøy
Ymse historier
Linkar
Etterkomarar etter Olaus Sanden (bestefar)
Samankomstar
Film og video
Linkar
Thailand 2001
Tarjei og Marie
Reidar
 

Gammal karakterbok

Under rydding på loftet heima på Sunde for ikkje så lenge sidan, kom eg over den gamle karakterboka frå folkeskulen.

Det var overraskande hyggeleg lesnad, med jamnt over bra karakterar. Ein tankevekkjar er det at den dårlegaste karakteren i 5.klasse (1963 - 1964) var i norsk skriftleg. Er det løye det står mykje rart og mange fleil på trykk i aviser no til dags?

Samtidig må eg seia meg stolt over merknaden frå klassestyrar Trygve Teigen som frå 5.klasse til 6.klasse oppgraderer inntrykket av underteikna frå "Ove er ein grei gut" til "Ove er ein svært grei gut".

Takk, Trygve. Heretter skal eg alltid bera karakterboka på meg og visa fram til alle som tvilar.

OVE ARNE OLDERKJÆR 22.9.2003